Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane vil i 2024 dele ut idrettsstipend og støtte til tiltak for barn/ungdom og paraidrett.
Det er særkrinsar/regionar, idrettsråd, idrettslag og særidrettsgrupper i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt unge utøvarar (16-19 år), som representerer idrettslag i regionane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i idrettar og greiner som er tilslutta Norges Idrettsforbund, som kan søke på midlane.
Det er tre kategoriar ein kan søkje på:
· Stipend til unge idrettsutøvarar 16-19 år
· Støtteordning til barne- og ungdomsidrett
· Støtteordning til paraidrett
For idrettsstipend er det den enkelte utøvar sjølv som søkjer, men organisasjonsledda må gjere aktuelle kjend med ordninga og gjeldande søknadsfrist.
For støtteordninga til barne- og ungdomsidrett og paraidrett er det organisasjonsledda som søkjer.
Merk at i tildelingsåret 2024 vil styret for kategori barne- og ungdomsidrett prioritere søknadar som har tiltak eller prosjekt som går på å få med fleire ungdom og hindre fråfall i ungdomsidretten.
Vedtak om tildeling av midlane og annonsering av tildelte midlar vert gjort innan 15. juni 2024.
Eventuelle spørsmål rettast til Stiftinga Idrettsfond Sogn og Fjordane på epost: soknad@idrettsfondsf.no, eventuelt telefon til leiar av Stiftinga, Cecilie Thaule Løvlid, tlf. 91848804.
Henta frå https://www.idrettsfondsf.no/
© 2015 - Norges Friidrettsforbund (01)
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges Friidrettsforbund.