friidrettforbarnpromo.png

Friidrett for barn-kurs på Byrkjelo

I november blir det høve til å få gode tips til gjennomføring av friidrettstrening for barn.

Kurset skal gje ei generell innføring i friidretten sine øvingar, og korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre friidrettstrening med born i alderen 6-12 år.

PÅMELDING til kurset

Det blir teori nettbasert på Teams fredag kveld 18. november, medan det blir praktisk del i gymsalen på Breim skule søndag 20. november.

Kurslærar er Eivind Øygard, som til dagleg er idrettslærar ved Sogndal VGS - i tillegg til aktiv utøvar i friidrett. 

Meir informasjon om kurset finn de her!