logotinestafetten705405.jpg

Her blir Tinestafetten arrangert

36 ulike arrangørstadar i Sogn og Fjordane.

Tinestafetten feirer 26 år i 2019, og i Sogn og Fjordane vil det tysdag 7. mai blir det arrangert stafett 36 ulike stader i fylket vårt. Totalt er det påmeldt 5470 deltakarar frå Sogn og Fjordane.

I år vil Tinestafetten i år ha eit ekstra fokus på miljøet.

– Generasjonen som no veks opp har eit brennande og synleg engasjement for miljøet. Når 107 000 barn møtes til stafett i mai, skal vi saman sette fokus på enkle ting vi alle kan gjere for å gjere dagen og TINEstafetten litt grønare, seier Ann-Kristin Syversen i TINE.

Saman med Miljøagentene har vi utvikla følgjande miljømål for TINEstafetten:
• Eg reiser kollektivt, syklar eller går til TINEstafetten
• På TINEstafetten kildesorterer eg søppel
• På TINEstafetten putter eg tomme flasker på rett stad
• Eg kastar ikkje mat unødvendig på TINEstafetten
• Eg plukkar opp plast frå bakken og kastar det på rett sted
• Når eg kjem heim frå TINEstafetten skrur eg av lys som ikkje treng å være på

– Bærekraft er på mange måtar som en stafett – alle må gjere en innsats, og gje nestemann best mogleg utgangspunkt. Men sjølv om bærekraft er viktig, trenger det ikkje være kjedeleg, vanskeleg eller skummelt, og det er den oppvoksande generasjonen eit levande bevis på. TINEstafetten handlar om samarbeid, mestringskjensle og glede. Den handlar om å jobbe saman om å få til noko stort, sier Linn Baarlid, orosjektleiar for Tinestafetten i Norges Friidrettsforbund.

Her følgjer oversikt over arrangørstadane i Sogn og Fjordane:

Askvoll skule
Atløy skule
Aurland barne og ungdomsskule
Bjordal skule
Brekke barnehage og skule
Bulandet skule
Bygstad skule
Byrknes barnehage og skule Skulen
Dalsøyra skule
Davik oppvekst Avdeling skule
Davik oppvekst Avdeling skule
Dingemoen skule
Farnes skule
Feios skule
Flatbygdi skule
Gaupne skule
Gloppen ungdomsskule
Halbrend skule
Hauge oppvekst
Holmedal montessoriskule
Hornindal skule
Hyllestad skule
Høyanger Skule
Kalvåg oppvekst
Krokane Skule
Kvåle skule
Lavik skule
Leikanger Barneskule
Lærdalsøyri skule
Sagatun skule
Sande skule
Selje skule
Skram skole
Stadlandet skule
Svelgen oppvekst  avd. skule
Tangen skule
Vågsøy ungdomsskole