head_idrettens-moteplass-sogndal-2021_web.png

Haustmøte friidrettskrinsen 2022

I år, som tidlegare år, legg Sogn og Fjordane Friidrettskrins Haustmøtet til Idrettens Møteplass i samarbeid med Vestland Idrettskrets 5. november.

Sogn og Fjordane Friidrettskrins inviterer klubbane til Haustmøtet 2022. Dei siste åra har dette vore ein flott møtearena for klubbane i fylket, der vi har fått diskutert status for friidretten i krinsen. 

PÅMELDING HER!

Førebels rammeprogram: 

Kl. 10.00-12.00:

Felles foredrag v/ Idrettskretsen

kl. 12.00-13.00: 
Servering av lunsj

kl. 13.00-14.00:
Haustmøte Sogn og Fjordane Friidrettskrins
Terminlistemøte

kl. 14.00-16.00:
Opplæring Isonen (Blir tatt i bruk frå 1.1.2023)
Opplæring OpenTrack

Parallelt med haustmøtet blir det arrangert treningssamling får aldersgruppa 13 år og eldre fredag til søndag. Meir informasjon om dette ser de her!