Treningssamling mellom- og langdistanseløp Jølster 20-24. juni
BAKGRUNN
Sogn og Fjordane Friidrettskrins ynskjer å skape gode sportslege rammer for friidrettssatsing i Sogn og Fjordane. Vi ynskjer å gjennomføre samlingar innanfor løp, hopp, kast og kappgang i 2023.
Sogn og Fjordane Friidrettskrins inviterer til treningsveke i Jølster. Det blir overnatting i airbnb-hus på Klakegg.
MÅLGRUPPE:
Treningsøkter:
Gutar og jenter født 2010 (13 år) og eldre.
Overnatting:
Gutar og jenter fødd 2008 (15 år) og eldre.
TRENAR: Eivind Øygard
OVERNATTING: Airbnb-hus på Klakegg. Pakkeliste blir sendt ut til påmeldte deltakarar seinast 19.6 kl. 18:00.
UTSTYR: Sykkel eller rulleski om de skal trene alternativt. Gjeld for alle som er usikre på om dei toler to løpsøkter om dagen. Også mogleg å trene alternativt (spinning/ellipse) på treningsrom på Skei eller i Stardalen.
Til overnatting: Sengeklede.
SAMLINGSPROGRAM: Kan kome små endringar. Programmet tilpassast treningsnivået til kvar enkelt ettersom ikkje alle kan springe to økter om dagen, men øktene det står ALLE satsar ein på at alle kan delta på. Også mogleg for vektstyrke for dei som ønsker dette).
Mogleg å vere med på enkeltøkter dersom ein ikkje kan delta på heile samlinga. Informasjon om tidspunkt og oppmøtetidspunkt for dei ulike øktene blir sendt ut til dei som melder seg på samlinga.
|
20.6 |
21.6 |
22.6 |
23.6 |
24.6 |
Morgonøkt |
|
Roleg jogg/alternativt 30-60min |
Terskelintervall løp/alternativ terskel eller roleg |
ALLE: Roleg jogg 30-60min, drill, sprint + basisstyrke. |
ALLE: |
Kveldsøkt |
Kveldsstemne Byrkjelo. |
ALLE: Roleg jogg 30-50min + basisstyrke |
ALLE: Terskelintervall løp ELLER alternativ terskelintervall (rulleski/sykkel) |
Individuelt tilpassa. |
|
PÅMELDING: https://www.deltager.no/event/gjensidigeklakegg#init
PRIS: Eigenandel på 200kr. Dette dekker trenar, overnatting og grillmat på jonsokafta.
PÅMELDING KVELDSSTEMNE BYRKJELO
ALLE melder seg på sjølve til stemnet.
400m frå kl 18:00.
1500m med start rundt kl. 19-19:30. Påmelding gjerast her: https://isonen.no/event/clisqvdlx11719570197ukuqp9z9/. OBS: 1500m hinder er feil. Skal stå 1500m.
SPØRSMÅL?
Ta kontakt med Eivind Øygard på tlf/mail 47 84 59 60/eivindoygard@hotmail.com eller krinskontoret ved Asgeir Årdal på tlf/mail 95 77 62 92/asgeir.ardal@friidrett.no
© 2015 - Norges Friidrettsforbund (03)
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges Friidrettsforbund.