førde stadion705405.jpg

Sjå resultat frå KM

KM vart arrangert i Førde søndag. Sjå resultat!

Svært triveleg friidrettsdag på stadion søndag! Deltakarar frå store deler av fylket var samla til krinsleikar for 6-12 år og KM for 13 år og eldre.

Her finn de resultatliste for KM 13 år og eldre!

Resultat frå krinsleikane 6-12 år blir sendt ut til kontaktperson til kvar enkelt deltakar.

Stemnet hadde også status som jubileumsarrangement for Norges Friidrettsforbundet som fyller 125 år. I samband med det fekk alle deltakarar forfriskningar frå Tine! Stor takk til dei!

Elles takk til alle deltakarar, funksjonærar, sponsorane, og hovudarrangør Vik IL! Og til føresette som har gitt sine barn og unge sjansen til gode opplevingar på friidrettsbana. Velkommen att!