bildekurs.png

Invitasjon til Haustmøte

Laurdag 30. oktober samlar vi friidrettsfamilien til møte i Sogndal.

I samband med Idrettens Møteplass arrangerer friidrettskrinsen Haustmøte 30. oktober.
Her vil det mellom anna bli foredrag av sportssjef i friidrettsforbundet Erlend Slokvik, samt gjennomgang av terminliste for seongen 2022.

RAMMEPROGRAM
Kl. 09.30-10.00 Registrering, kaffi/ te Sogndal vgs
Kl. 10.00-12.00 Felles foredrag:
Med tidlegare langrennsløpar og no trenar på høgt nivå i langrenn, Marthe Kristoffersen, og sportssjef i Friidrettsforbundet, Erlend Slokvik. Trollsalen, Sogndal vgs
Kl. 10.00: Treningssamling for ungdom 12-19 år (f. 2009-2002):
Treningsøkt 1 Sogndal Idrettshall
Kl. 12.15 Felles varm lunsj Kantina, Sogndal vgs
Kl. 12.45 Treningssamling for ungdom 12-19 år (f. 2009-2002):
Foredrag først og så treningsøkt 2 Sogndal Idrettshall
Kl. 13.00 Haustmøte Sogn og Fjordane Friidrettskrins

Treningsøktene 30. oktober inngår som ein del av treningssamlinga som friidrettskrinsen sjølv arrangerer 29.-31. oktober. Meir informasjon om den samlinga finn de her!

Påmelding til Idrettens Møteplass og Haustmøtet gjer de via Idrettskrinsen si nettside.