førde stadion705405.jpg
Førde stadion er arena for veteran-NM i friidrett i 2020.

Blir vertskap for tre NM

Tre ulike NM-arrangement er tildelt friidretten i Sogn og Fjordane neste år.

Jølster Maraton har fått tildelt NM i maraton i 2020. Jøltser har arrangert denne meisterskapen to gongar tidlegare, i 1997 og 2008. No får dei altså sjansen igjen. 


Samstundes er det klart at Førde IL skal vere vertskap for to ulike NM-arrangement i sitt 100-års jubileum for idrettslaget. Dei skal både arrangere NM i motbakkeløp, og NM for veteran på bane. 

Vi gratulerer Jølster IL og Førde IL med tildelingane, og gler oss til fleire ulike NM-arrangement på heimebane i 2020!

Les kva media skriv om tildelingane: