Etter ein fantastisk sesong for norsk friidrett som er prega av framgang er det tid for å sjå framover korleis Norsk Friidrett kan og skal utvikle seg vidare. Årets høstmøte har eit variert program med trenarutvikling og klubbfokus som ein raud tråd med forankring i vedtatt strategiplan for NFIF.
Med representantar frå dei som har hatt suksess over tid som innleiarar håpar vi å få eit godt engasjement for å jobbe vidare for å utvikle norsk friidrett. Vi håpar så mange som muleg fra klubbane vil bli med og komme med innspel til korleis vi best kan utvikle friidretten på dei ulike nivå vidare og bli inspirert av dei som har lykkast.
Høstmøtet vert arrangert på Quality Hotel 33 på Økern i Oslo laurdag 1. oktober med oppstart kl 09.00.
Vil du bli med på høstmøte meld deg på via elektronisk påmelding her. I påmeldinga og utskriftsvennleg versjon av progammet finn du også info om betaling for dagpakke inkl. lunsj som den enkelte klubb/deltakar betaler på seminaret.
Vel møtt til årets høstmøte!
Utskriftsvenleg versjon av programmet.
Program:
09.00-09.10 |
Åpning v/president Tore Hordnes |
09.10-10.45 |
Team Ingebrigtsen v/Gjert Ingebrigtsen+ utøvar frå familien. -utviklingsstrategi og planlegging for å lykkast -utfordringar ein har møtt underveis -korleis jobbar ein framover. -spørsmål og erfaringsutveksling |
10.45-11.00 |
Pause |
11.00-12.00 |
Veien mot 2020 – kvar er vi og kvar skal vi i norsk friidrett? v/Anne Farseth - Status kretsutvikling/strategi - Nokre hovedutfordringar: * rekruttere og behalde utøvarar * trenarar – kor mange treng vi eigentleg, kvar finn vi dei og korleis legge til rette? |
12.00-13.00 |
Lunsj |
13.00-13.10 |
Bør vi jobbe mot fleire lønna trenarar i friidrett? Innleiing v/Tore Hordnes |
13.10-13.45 |
Erfaringar frå Norges Svømmeforbund v/generalsekretær Bjørn Soleng. Norges Svømmeforbund har mange ansatte trenarar i klubb. Korleis har dei løyst dette mht organisering og økonomi? Kva effektar ser ein av å ha tilsette trenarar? |
13.45-14.00 |
Pause |
14.00-15.00 |
Fleire ansatte trenarar i friidrett? v/Henrik Carstens -erfaringsutveksling og gruppearbeid |
15.05-15.45 |
Lover og reglar ved ansettelse av trenarar v/ Thomas Kristensen Lønn, honorar og godtgjerdsle i idrettslag inkl lovverk. |
15.45-16.00 |
Avslutning v/president Tore Hordnes |
© 2015 - Norges Friidrettsforbund (01)
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges Friidrettsforbund.