Maja705405.jpg
Maja Fuglestrand Baade sette ny bestenotering i J14 i spyd i helga. Her saman med Helga Reigstad under ei treningssamling på Byrkjelo i 2018. Arkivfoto: Asgeir Årdal

Flotte resultat på kastmønstringa

Maja Fuglestrand Baade med det lengste spydkastet i fylket gjennom alle tider i 14-årsklassa.

Dei siste dagane har det vore samling i Gloppen for dei mest lovande kastarane i Norge. Fredag var dei samla på Byrkjelo, til nasjonal kastmønstring. 

Verdt å merke seg at Maja Fuglestrand Baade (Olden IL) sette ny bestenotering i J14 i Sogn og Fjordane, med eit spydkast på 45,54 meter. Den førre bestenoteringa i fylket i denne klassen var Marianne Engebø (Tambarskjelvar) sitt kast på 40,96 frå 1984. 

Her finn de oversikt over alle bestenoteringane for gutar og jenter i aldergruppa 13-18 år gjennom alle tider i Sogn og Fjordane.