kjerp705405.jpg

Lær av fylkets raskaste gjennom alle tider!

I samband med Fjord1-leikane i Florø 20.juni, arrangerer krinsen samling med Øyvind Strømmen Kjerpeset som trenar.

Laurdag 20. juni blir Fjord1-leikane arrangert i Florø. I etterkant av stemnet blir det instruksjon med Øyvind Strømmen Kjerpeset i trenarrolla. Han er fylkets raskaste mann gjennom alle tider, med krinsrekord på 100m (10,43), 200m (20,98), 200m hekk (23,12) og 400m hekk (49,95). I 2013 vann han Kongepokalen under NM i friidrett.

Last ned innbyding til samlinga!

Friidretskrinsen er svært glade for at Kjeroeset vil bidra med sin kompetanse, og håpar at mange utøvarar og klubbtrenarar tek del i på ssamlinga i etterkant av stemnet.