Thomas Mardal, Gloppen FIL viste at forma er i rute til VM U 20 og sikra 3. plassen i diskoskonkurransen søndag med 57,45 (1,5 kg). Dei to føre han på pallen møter han til dyst igjen i Polen under meisterskapen. Fredag sette Vincent Sondre Førde, Gloppen FIL ny juniorkrinsrekord på 3000m hinder og Odd Bjørn Hjelmeset sin rekord frå 1990 er dermed histiorie.
Aurland var representert med to utøvarar som også leverte solid innsats. Jennifer Mjøs (15) kom heilt til A-finale på den litt uvante distansen 80m, der ho fekk 8.plass med pers på 10.49.
Kristiane Terum, Aurland (17) var fattige 11 hundredelar bak kravet til senior NM på 400m med solide 59.10. Resultatet er det beste på distansen av utøvar frå fylket sidan 2002. Begge desse utøvarane sine resultat er heilt i toppen nasjonalt i deira årsklassar.
Kristiane Terum, Aurland IL inn til pers på 400m i Gøteborg.
Resultata frå storstevnet i Gøteborg finn du her.
© 2015 - Norges Friidrettsforbund (03)
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges Friidrettsforbund.