bislett-natt.jpg

Fleire lokale utøvarar i aksjon på Bislett i kveld

..og du kan følgje dei på NRK!

Torsdag kveld venter eit fullsett Bislett når norges- og verdas beste friidrettstøvarar skal i aksjon i Diamond League. På dei nasjonale øvingane i forkant har fylket fleire lokale utøvarar som skal i elden.

På 100 meter spring Jostein Joshua Fossøy (Førde) kl. 17.58. På 10000 meter kl. 1910 skal Eivind Øygard (Jølster) og Marius Vedvik (Gular/Førde) delta. Øygard er hyra inn som hare for Vedvik og lagkamerat Per Svela. 

I NM i snøballkasting skal 13-år gamle Maja Fuglestrand Baade frå Loen vere med. Ho kvalifiserte seg til NM etter stemnet i Hornidal, der ho kasta liten ball 57,78 meter. Den øvinga startar 19.05.

Sjå heile programmet!

NRKs sendeskjema:
17.50-18.50 NRK1
19.00-19.45 NRK2
19.45-22.05 NRK1