breimstafetten-gamle-dagar705405.jpg

Vil du ta del i 100-års markeringa til friidrettskrinsen?

Sogn og Fjordane Friidrettskrins inviterer til jubileumsmiddag 24. september.

Sogn og Fjordane Friidrettskrins vart skipa 2. september i 1922. I samband med dette blir det markering av 100-års jubileet på Skei Hotell 24. september, frå kl. 1730.

Alle tidlegare styreleiarar har blitt invitert, i tillegg til at alle våre medlemslag har fått invitasjon. For å vere sikra at alle som ynskjer å ta del i markeringa får moglegheit, opnar vi også opp for påmelding her.

Det vert 3-retters middag, og innslag undervegs.

Ta kontakt med krinskontoret om du har nokre spørsmål på sof@friidrett.no