foto_norgesidrettsforbund_geirowefredheim_612.jpg

Arrangementskurs i Førde

I samband med Idrettens Møteplass arrangerer krinsen opplæring i FriRes (Friidrettens resultatsystem) 24. oktober.

For tredje året på rad har Sogn og Fjordane Friidrettskrins haustmøte i samband med Idrettens Møteplass. I 2018 var vi samla i Sogndal, 2019 på Sandane, medan i 2020 er arrangementet lagt til Førde 24. oktober.

Første del av dagen er felles på tvers av særidrettane, medan det frå kl. 13.00 er eige program for friidrettskrinsen.

Kl. 9.30: Oppmøte og registrering. Førdehuset.
Kl. 10 - 16: Treningssamling på tvers av idrettar for ungdom 12 - 19 år inkl. foredrag med Olympiatoppen Vest og Antidoping Norge. Idrettshallen, Førdehuset. Maks 55 deltakarar.
Kl. 10 - 12: Foredrag med Olympiatoppen Vest, Antidoping Norge og Høgskulen på Vestlandet. Tema: "Livslang idrettsglede - fleire med lenger". OLTV ser tema frå toppidretten si side, ADNO om kvalifiserte val og kva ein skal vere obs på, og HVL vil m.a. trekkje parallellar til koronasituasjonen. Ope for alle. Festsalen, Førdehuset. Maks 80 deltakarar.
Kl. 12 - 13: Lunsj. Idrettshallen, Førdehuset.
Kl. 13 - 14: Terminlistemøte 2020 Sogn og Fjordane Friidrettskrins
Kl. 14 - 17: Arrangementskurs, opplæring i FriRes.
 
Vi håpar så mange som mogleg tek seg tid til å setje av dagen, til fagleg påfyll, gode diskusjonar, og sosialt samvære i friidrettsfamilen.