Eivind.JPG
Eivind Øygard er utteken til Nordisk meisterskap i terrengløp. Foto: Narve Heggheim

Duo klare for Nordisk meisterskap

Eivind Øygard og Karoline Holsen Kyte skal kjempe om medaljer i Danmark.

Eivind Øygard (Jølster) og Karoline Holsen Kyte (Førde) er begge uttekne til Nordisk meisterskap i terrengløp 11. novemer. Dette blir arrangert i Middelfart i Danmark for 21. gong.

I tillegg til dei individuelle konkurransane er det også lagkonkurranse der dei fire beste frå kvar nasjon er tellande i menn senior og de 3 beste frå kvar nasjon er tellande i kvinner senior.

7.5 km – kvinner senior kl. 1230
9.0 km – menn senior kl. 1330

Meir informasjon om meisterskapen finn du på heimesida til arrangøren. 

Her er heile den norske troppen:

Kvinner senior: (7.5  km)
Live Solheimdal, SK Vidar
Maria Sagnes Wågan, Namdal Løpeklubb
Karoline Holsen Kyte, Førde IL

Menn senior: (9  km)    
Eivind Øygard, Jølster IL   
Erik Udø Pedersen, Kristiansand Løpeklubb 
Petter Rypdal, Strindheim IL   
Stian Øvergaard Aarvik, IL Gneist

Menn junior (19 år): (6 km)   
Fredrik Sandvik, Askim IF   
Håkon Stavik, Ålesund FIK   
Petter Myhr, FIK Orion    
Thomas Jefferson Byrkjeland, IK Tjalve
Simen Halle Haugen, IL Runar  

Kvinner junior (19år): (4.5 km)
Ingvild Myking, IL Gneist
Kristin Andrea Salvesen, Kristiansand Løpeklubb
Julie Marie Larsen, Sarpsborg IL

Sogn og Fjordane Friidrettskrins gratulerer med uttaket, og ynskjer løparane lukke til!