thomas mardal krinsrekord slegge loggane.jpg

Ny rekord av Mardal - igjen!

Thomas Mardal vart nummer sju i det amerikanske studentmeisterkapet.

Glopparen Thomas Mardal har hatt ein god start på sesongen. 23.mars opna han med å sette ny krinsrekord i slegge med 69,30 meter under eit stemne i Tallahassee/USA. 31. mars gjorde han det igjen - denne gongen med eit lengstekast på 71,88 meter. 

I natt vart han nummer sju i det amerikanske studentmeisterskapet NCAA, med eit lengstekast på 72,20 meter. Det er dermed ny personleg rekord - og ny krinsrekord i Sogn og Fjordane. Han nærmar seg dermed EM-kravet på 74,00 meter.

Vi gratulerer med den flotte sesongstarten, og ynskjer lukke til med resten av 2018!