norsk tromm junipor VM 32016.jpg
Kristi og Thomas var var fylket sine representantar i den norske troppen på 15 utøvarar i VM. Foto: Ole Morten Mardal

Flott VM innsats av Kristi og Thomas

På nest siste dag av junior VM i Polen avslutta utøvarane frå fylket sine konkurransar. Begge leverte flott innsats og kan reise heim frå mesterskapet med vissheit om at avstanden opp til dei beste ikkje er lang.

Først ut var Thomas Mardal, Gloppen FIL i kvalifisering i diskos. Med pers på 57,73 var det rekna med at Thomas måtte opp mot og helst over pers for å nå finalen. Etter tre kast der teknikken ikkje klaffa heilt enda det med 55,82m og 11. plass i kvalifiseringspulja. Når den andre pulja var ferdig var Thomas nr 22 av 45 deltakarar og det vart ikkje finaleplass. 

Kvalifiseringsgrensa for direkte finale var 59,00m,  men dei 12 beste går uansett til finale. Siste finaleplass gjekk til Cleverson Oliveira frå Brasil med 57,62 som er litt svakare enn Thomas sin personlege rekord.

Supermotivert Kristi

Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF sette solid pers i kvalifiseringa på 100m hekk i går med 13,73. I dagens tre semifinaleheat var det dei to beste tidene pluss dei to beste tidene som gjekk til finale. Målet var å forbetre persen frå i går, men under oppvarminga fekk Kristi ein liten skade som gjorde at dette vart vanskeleg. Ho kom inn som nr 8 på tida 14,01 og vart nr 22 av 24 semifinalistar. 

Gull til Norge

På slutten av laurdagen fekk Norge sitt første gull i meisterskapen då Beatrice Llano vann slegge etter ein spennande finale. Beatrice har kasta mange og lange kast ei årrekkje på Loggane i Gloppen under kyndig rettleiing av m.a Jørund Årdal, så mange frå fylket gledde seg ekstra over hennar suksess i VM. 

For utøvarane frå fylket vart det eit godt meisterskap i kamp med utøvarar frå heile verda og frå land ein knapt nok veit kvar er. Det må vere motiverande å sjå at avstandane opp til dei beste ikkje er store i ein verdsidrett som friidrett.

 Resultat frå VM på arrangementet sine nettsider.