lagbilde ungdomsleker.jpg
Sogn og Fjordane sitt lag på årets Ungdomsleker. Maren Hjelmeset Kirkeide var ikkje tilstades ved fotografering.

Flott innsats på Osterøy

Årets Ungdomsleikar gjekk på Osterøy i helga med lag frå Sogn og Fjordane som leverte flott innsats og henta heim poeng og medaljar.

Ungdomsleikane er eit nasjonalt arrangement for 13 og 14 åringane som blir arrangert tre stader i landet med innlagt kretskonkurranse. Sogn og Fjordane konkurrerte mot Agder, Rogaland og Hordaland på Osterøy. 

Vi kjem tilbake med meir oppdatering frå stevnet men resultat , bilete og anna nytt frå stevnet finn du på arrangementet sine nettsider.

Vi takkar våre deltakarar for flott innsats med mange medaljer og personlege rekordar. Ei flott og viktig helg for denne aldersgruppa der det i tillegg til det sportslege og duellar på bana blir knytt friidrettskontakter på tvers av kretsane til glede og inspirasjon.