truderaadgull.jpg
Trude Raad tok GULL på heimebane. Foto: Eirik Førde

Trude og Merete tok gull på heimebane!

Fleire medaljer under Byrkjelo-NM.

Dag 1: Trude Raad var på heimebane, og leverte verkeleg varene på NM sin første dag.

63,96 meter i tredje omgang var nok til å stå øvst på pallen. Nummer to vart førehandsfavoritt Beatrice Nedberge Llano (Laksevåg TIL), som hadde årsbeste i landet før NM. Marte Rygg Årdal vart nummer fire.

På 400 meter hekk vart det sølv til Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø, bak verds- og europameister Karsten Warholm.

Dag 2: Gloppen FIL sikra seg tre medaljer på ein halvtime. Merete Helgheim tok gul på 3000 meter kappgang, Thomas Mardal sølv i sleggeringen, medan Evald Devik Osnes følgde på plassen bak.

Dag 3: 41-år gamle Else Lundestad Bakkelid sikra seg bronsemedaljen i diskos. 

For fleire resultat, sjå arrangøren si heimeside.