god-jul-1.jpg

God jul og eit godt nyttår!

Sogn og Fjordane Friidrettkrins vil med dette ynskje utøvarar, trenarar, leiarar, foreldre og klubbar god jul og eit godt nytt år!

Kvar dag gjennom heile året er det utøvarar, trenarar eller anna støtteapparat som står på for å skape gode opplevingar i friidretten i Sogn og Fjordane. Vi vil nytte høve til å takke alle desse som legg ned trening eller frivillig innsats innanfor grupperingar av vår idrett.

Ynskjer alle ei god jul og eit godt 2020!

Krinskontoret vert stengt frå 23. des - 2. jan.

På vegner av Sogn og Fjordane Friidrettskrins,
Asgeir Årdal