Lerøypromo705405.jpg
Desse to karane ofra alt for Sogn og Fjordane under fjorårets konkurranse. Foto: Asgeir Årdal

Bli med på LERØY-leikane

Har du lyst å representere Sogn og Fjordane i Haugesund? Sjå her!

Lerøyleikane er for 13- og 14-åringane og det store høgdepunktet for denne aldersgruppa kvart år. Dei siste åra har meisterskapen mellom Sogn og Fjordane, Rogaland, Agder og Hordaland blitt arrangert på Osterøy. I år er LERØY-leikane lagt til Haugesund 31. august - 1. september.
 
Tidlegare har friidrettskrinsen tatt ut ein tropp som får lov til å reise. I år har vi valgt å gjere uttaket litt annleis, ved at du melder din interesse om å bli med. Du melder deg på i dei øvingane du sjølv ynskjer. Deretter vil krinsen gjere endeleg uttak basert på maks fem øvingar totalt per utøvar. I påmeldingsskjemaet under velgjer du inntil fire øvingar per dag, men rangerer desse frå 1 (den øvinga du likar best) til 4.
 
Vi har kvote på 40 utøvarar, og vil det vere fleire påmeldte enn dette vil vi basere uttaket på krinsstatestikkane. Det vil seie at blir det 38 utøvarar som melder seg på, får alle reise. 
 
Meld deg på her!
 
Det vil bli organisert felles transport, og vi skal overnatte på Haraldsvang skole. I fjor var det gratis reise og opphald for alle, men vi tek forbehold om ein liten eigenandel i 2019 om det viser seg troppen blir større enn i fjor.