idrettens-moteplass-2017.jpg
Desse deltok på treningssamlinga under Idrettens Møteplass i 2017. Foto: Idrettskrinsen

Felles møteplass for friidretten i Sogn og Fjordane

Laurdag 27. oktober inviterer ein til Idrettens Møteplass i Sogndal.

Sogn og Fjordane Friidrettskrins inviterer klubbleiarar, utøvarar, foreldre og trenarar til Idrettens Møteplass i Sogndal laurdag 27. oktober.

Her vil det bli foredrag før lunsj på tvers av heile idretten i Sogn og Fjordane, medan det blir eige møte for friidretten i fylket kl. 13.00 - 16.00. Her vil viktige tema som fastsetting av terminliste 2019 og KM 2019 vere tema, samt korleis ein kan løfte friidretten i fylket dei neste åra.

Påmelding til Idrettens Møteplass gjer du her! 

Rammeprogram:

Tidspunkt

Innhald

Kvar

Kven

Kl. 09.30 – 10.00

Registrering, kaffi

Sogndal VGS

Leiarar, foreldre, trenarar.

Kl. 09.30 – 11.00

Basissamling med Atle Hole Sæterbakken (HVL) og Cecilie Eriksen (OLT-Vest), økt 1.

Sogndal Idrettshall

Utøvarar fødde 2002 – 2006.

Kl. 10.00 – 12.00

Foredrag "Foreldre som ressurs" v/ Michael Jørgensen og Pia Mørk Andreassen, Olympiatoppen Vest

Trollsalen, Sogndal VGS

Leiarar, foreldre, trenarar.

Kl. 12.00

Lunsj

Kantina, Sogndal VGS

ALLE

Kl. 13.00 – 13.30

Foredrag om kosthald for aktiv idrettsungdom

Sogndal VGS

Utøvarar fødde 2002 – 2006.

Kl. 13.00 – 16.00

Fellesmøte Sogn og Fjordane Friidrettskrins

Sogndal VGS

Leiarar, foreldre, trenarar.

Kl. 13.30 – 15.30

Basissamling med Atle Hole Sæterbakken (HVL) og Cecilie Eriksen (OLT-Vest), økt 2.

Sogndal Idrettshall

Utøvarar fødde 2002 – 2006.