førde stadion705405.jpg

3000-kveld i Førde

Laurdag 17. juli er det kveldstemne med 3000m på programmet.

Det er venta stor fart i feltet når sunnfjordingane Eivind Øygard (Jølster IL) og Marius Vedvik (IL Gular) stiller til start på kveldsstemnet på 3000 meter laurdag kveld.

Last ned innbyding til stemnet!

Øygard spring for å forbetre sin eigen krinsrekord i Sogn og Fjordane på distansen som er på 8.06.71 frå 2020. Det bør vere godt innan rekkjevidd, ettersom han har satt nye krinsrekordar på 1500m, 5000m og 10 000m tidlegare i sesongen.

Vedvik representere IL Gular, men spring likevel på heimebana si i Førde. Han jaktar 7:53.78, som er krinsrekorden i Hordaland FIK. Den tilhøyrer Anfin Rosendahl, IL Gular frå 1981. 

Det er satt opp hare i fleire felt, så her er gode moglegheiter for alle som ynskjer seg ein 3000m i godt felt. Feltet er ope for G/J 15 år og eldre.

Påmelding til stemnet gjer du her!