GaldaneRundt705405.jpg

Full fres i Galdane rundt

Terrengløpet Galdane Rundt, som går på ei delstrekning av kongevegen over Filefjell, vart arrangert for 8.gong laurdag 19.september.

Løpet er ei kupert rundløype på 8,7 km, og er ei teknisk  krevande løype i flott natur. Løpet har det meste med korte, bratte bakkar og lange slake bakkar oppover og nedover,samt flater på litt varierande underlag, nett slik eit terrengløp skal vera. 

- Vi ynskte ikkje nokon deltarrekord i år ,då det er sett eit tak på 200 deltakarar på arrangement, difor er me svært nøgde med 130 deltakarar derav 56 på tid, seierBjørghild Holien, leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL.


Totalvinnar vart Lars-Martin Melheim, frå Olden IL ( startnummer 34) på tida 33:13 minutt. Det var fyrste gongen han deltok, men neppe den siste.
Nr 2 med startnummer 2 var Espen Kristiansen, Entra BIL på tida 33:26 minutt. Tredje best  var Sigurd Hulbak, Hemsedal IL på 35:37
Marita Hestetun, IL Jotun ( startnummer 16), vann dameklassa på 40:42 minutt, ho forbetra tida si frå 2018 då ho vann på 44:08 minutt.
Gro Zahl og Astrid Olafsdottir begge HIS kom på dei neste plassane i dameklassa.

 
Resultatliste finn der her! 

Friidrettskrinsen set pris på arbeidet som blir lagt ned i samband med Galdane Rundt, og ynskjer dei lukke til med framtidige arranement!