mkjerpeset705405.jpg

Troppen til NM i Bergen

Fleire unge debutantar i senior-NM komande helg.

Det har lenge vore usikert om friidretts-NM i Bergen 18.-20. september kunne bli avvikla som planlagt. Måndag tok styret i NFIF avgjerdsla om at det likevel blir NM.

Frå Sogn og Fjordane stiller følgjande utøvarar:
Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø): 100m, 200m, 400m, 1000m stafett.
Hallgeir Martinsen (Florø):100m, 200m, 1000m stafett.
Ben Jeffrey Benert (Florø): 100m, 200m, 1000m stafett.
Magnus Lande Angelshaug (Florø): 1000m stafett.
Roger Øye Pollen (Førde): 10 000m.
Eivind Øygard (Jølster): 10 000m.
Jostein Fossøy (Førde): 100m.
Richard Rygg Villanger (GFIL): Slegge
Evald Osnes Devik (GFIL): Slegge
Margrete Strømmen Kjerpeset (Florø):400m hekk.
Else Lundetad Bakkelid (GFIL): Diskos
Mathias Andreas Reksten Dal (GFIL): Kule

Her finn de meir informasjon om meisterskapen på arrangøren si heimeside.