ulsteinvik.jpg

Treningssamling i Ulsteinhallen

25.-27. november blir det samling saman med Møre og Romsdal Friidrettskrets.

Vi gjentek suksessen frå tidlegare, og inviterer til felles treningssamling med Møre og Romsdal Friidrettskrets siste helga i november.

Fredag 25. november er hallen open for trening for krinsen. Laurdag 26. november og søndag 27. november er samlinga saman med nabokretsen i nord.

Laurdag 26. november arrangerer Dimna innandørsstemne, som de melder dykk på direkte her.

Last ned innbyding til stemnet.

Meir informasjon om påmelding (opnar 9. nov) og samlinga finn de her!

Set av datoane til ei kjekk friidrettshelg!