logo-motbakke-705x405.jpg

Norgescupløpa i motbakke for 2020 er no klare

Norsk Motbakkecup er Norges Friidrettsforbunds offisielle norgescup i motbakkeløping. Dei utvalde løpa til neste års motbakkecup, inkludert NM, dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa.

Løpa i Norsk Motbakkecup 2020 er no tildelt, og vi vil retta ei takk til alle som søkte om å få arrangera løp i årets norgescup.

Løpa er: 

20. juni - Svinestranda Opp - Fjellhauge/Vereid IL, Gloppen kommune.

11. juli -  Kvasshovden Opp - Ulvik IL, Ulvik herad.

8. august - Folgefonna Opp og her - Uskedal IL, Kvinnherad. 

29. august - NM Førde Opp - Førde IL, Sunnfjord kommune.

6. september - Rosendal NutenOpp og her - Rosendal Turnlag, Kvinnherad

14n og 15l. november VM Lanzarote, Spania (n=normalt oppoverløp, l=langdistanse).

Vi ynskjer å gratulera dei som vart valde ut til å arrangera løp i cupen, samstundes som vi beklagar ovanfor dei som ikkje blei tildelt arrangement. Sjølvsagt skulle vi gjerne ha tildelt løp til alle, men det går diverre ikkje. Vi håpar difor at de vil søkja igjen ved seinare arrangementsutlysningar.

I og med at VM i år går veldig seint, vil serleg dei lengste og seinaste løpa i Norsk Motbakkecup bli vektlagde som uttaksløp.

Nytt av året er elles at Motbakkeløpsutvalet for konkurranseklassane i Norsk Motbakkecup anbefaler arrangørar om å gå vekk frå vektkravet på sekk  og heller stiller krav til utstyr i sekken. 

Sekken skal innhalda:
Vindjakke, bukse, tørr super, hue, handskar, drikkeflaske og energibar/banan (arrangør tek stikkprøvar på toppen, og det blir gitt tillegg i tid om utstyr manglar - nett på same måte som om ein sprang med for lett sekk).
Utvalet meinar denne endringa vil gjera det lettare både for utøvar og arrangør, samstundes som tryggleiken blir ivareteken.

Norges Friidrettsforbund søkjer for øvrig etter arrangørar i motbakkeløp til NM 2021 med søknadsfrist 15. januar. Sjå søknadsinfo her.