Sogn og Fjordane Friidrettskrins ynskjer å skape gode sportslege rammer for friidrettssatsing i Sogn og Fjordane. Vi ynskjer å gjennomføre samlingar innanfor løp, hopp, kast og kappgang i 2018.
Det vil bli gjennomført eigne treningssamlingar innanfor dei ulike greinene/øvingane, men også fleire felles samlingar på tvers av alle øvingane. Oppstartsamling blir i Trivselshallen på Sandane 25. februar 2018. På denne samlinga vil det bli presentert rammer for alle samlingane i 2018.
På denne samlinga vil mellom andre Eivind Øygard, Jørund Årdal og Ole Morten Mardal vere trenarar. Last ned invitasjon.
Påmelding skjer gjennom www.deltager.no/oppstartsamling innan 19. februar.
© 2015 - Norges Friidrettsforbund (01)
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges Friidrettsforbund.