kasttrio.jpg
Mathias Reksten Dale, Steffen Melheim og Arne Osnes Devik etter meisterskapen i Kristiansund. Foto: Jørund Årdal

Tok medalje i Nordisk

Tre utøvarar frå fylket representerte Norge under Nordisk meisterskap i helga.

Steffen Melheim (Olden IL) tok bronse i diskos under Nordisk meisterskap U20 i Kristiansand i helga. Han var berre 14 cm bak sin eigen personlege rekord. Gullet i klassen gikk til den eldre lagkameraten Fabian Weinberg.

I kulekonkurransen vart Mathias Andreas Reksten Dale (Breimsbygda IL) nummer seks, med 14,35 meter. 

Arne Osnes Devik vart også nummer seks i sin konkurranse, då han oppnådde 58,51 meter i sleggje. 

Vi gratulerer med flott innsats!