Eivindirygg.png
Eivind Øygard (t.h) har hatt ein god sesong i 2017. No kjempar han om EM-billett.

Fleire sterke resultat denne helga

Eivind Øygard tok eit langt skritt nærmare EM i terrengløp.

Fleire utøvarar frå fylket har vore i aksjon denne helga. 

Eivind Øygard (Jølster) blei beste nordmann i herreklassen i Warandeloop i nederlandske Tilburg. Han vart nummer 19 i løpet, 1.20 bak vinneran Napoleon Solomon frå Sverige. Den andre norske deltakaren i herreklassen, Bjørnar Sandnes Lillefosse (Gular) blei nummer 26, 19 sekund bak Øygard. 

Dermed la jølstringen inn ein god søknad for deltaking i EM i terrengløp i desember. Frå før har Marius Vedvik (Gular) frå Førde vunne "amerikansk" EM-uttak i Flagstaff. 

I Ulsteinhallen vart Sparebanken Møre leikane arrangert med fleire utøvarar frå Sogn og Fjordane. Klubbar som Stryn, Almenning, Jølster, Førde, Brodd, Stårheim, Olden og Eid var alle representert. Sjå alle resultat frå stemnet her. 

I tillegg vart NM 24 timers løp arrangert i Oslo med deltakarar frå fylket. Les meir på friidrettsforbundet sine nettsider.