logo um sandnes.png

26 frå fylket til UM i Sandnes

Årets ungdomsmeisterskap startar i Sandnes fredag og her er ein stor tropp frå fylket som har kvalifisert seg og deltek.

Heile 26 utøvarar frå 11 klubbar frå fylket er påmelde til det tre dagar lange meisterskapet. Her er som vanleg eit mangfald av øvingar i eit slik meisterskap og utøvarane frå fylket deltek i dei fleste displinar gjennom meisterskapet. 

Som vanleg på nasjonale meisterskap vert det heile streama slik at ein kan følgje stevnet heimefrå for dei som ikkje har tatt turen til Sandnes for sjå det heile live. Arrangøren legg ut resultata fortløpande slik at ein til ei kvar tid er oppdatert via arrangemntet sine nettsider. 

Oversikt over utøvarane frå fylket med øvingar og konkurransedag finn du her medan det sjølvsagt ligg tidsskjema  på arrangementet sine nettsider.

Vi ynskje alle lykke til i Sandnes!