SamlingSandaneny.jpg
Eivind Øygard var ansvarleg for den første fellesøkta i Trivselshallen. Foto: Asgeir Årdal

Lærerik og kjekk samling på Sandane

Nær 40 ungdommar var samla i Trivselshallen søndag.

Søndag 25. februar var 37 friidrettsungdommar samla i Trivselshallen. Først gjennomførte trenar Eivind Øygard ei felles basistreningsøkt på tvers av alle aldrar og øvingar, før det var god felles lunch.

Etter matpausen hadde Eivind ei teoriøkt, der han tok for seg litt om treningsplanlegging - og litt om eigne erfaringar frå friidrettsbana. Mellom anna tok han fram eit døme frå sine eigne tider på 1500 meter som ung.

- På fire år forbetra eg meg berre to sekund på den distansen, sa han og motiverte ungdommane til å halde fram - sjølv om dei nødvendigvis ikkje får den framgangen dei håpar på med det aller første.

Etter teoriøkt var det ny treningsøkt. Der vart utøvarane delte i tre grupper: Ei sprint-gruppe, ei kastgruppe og ei løpegruppe med fokus på dei lengre distansane. 

Sogn og Fjordane Friidrettskrins takkar alle som var tilstades, og håpar å sjå alle att på neste samling!