Ulsteinhallen1.jpg
Leik og moro under oppvarming på samlinga i Ulsteinhallen. Foto: Robert Moldestad.

Slik gjekk det i Ulsteinhallen

Årets første samling vart gjennomført med suksess i Ulsteinvik.

Hovudtrenarane Eivind Øygard og Tor-Inge Myrhol hadde med seg 28 utøvarar over fylkesgrensa 4.-6. januar.

- Det var ein solid gjeng med ungdommar. Dei gjennomførte fire solide treningsøkter i Ulsteinhallen og området rundt. I tillegg hadde fleire av utøvarane utallege økter på slakklina i gangen på Sunnmøre Folkehøgskule der vi budde under treningssamlinga, seier Øygard.

Han er optimistisk med tanke på sesongen som står for tur.

- Sjølv om vi framleis berre er i januar, så syner mange av utøvarane at dei har teke store steg frå i fjor, noko som lover godt for sesongen, seier han,

Det er Sparebankstiftinga som har gitt gåvemidlar til denne krinslagssatsinga.

- Det er eit flott bidrag til at ein kan utvikle desse til å ta nye steg på friidrettsbana. Og ikkje minst knyter dei tette bånd på tvers av klubbgrensene, seier Øygard.