Nyttbildetiltrenarløypa2.png

Treng din klubb nye trenarkrefter?

Vi ynskjer å gjennomføre fleire trenarkurs i Sogn og Fjordane i 2018.

I løpet av vinteren ynskjer vi å gjennomføre både grunnutdanning (friidrett for barn) og trenar 1-kurs i friidrett. Meir informasjon om trenar 1-kurs vil komme ettterkvart. 

For å kunne vere kvalifisert til Trenar 1 må ein ha gjennomført eit 8-timars kurs som heiter «friidrett for barn». Dette aktivitetsleiarkurset er for trenarar av born mellom seks og tolv år. 

Denne grunnutdanninga (friidrett for barn) på åtte timar kan vi komme ut i klubbane for å gjennomføre, om de melder dykkar interesse. Ta kontakt med krinskontoret, så kan vi saman bli einige om stad og dato som høver. Om det er mange som melder seg, vil ein prøve å samle nokre klubbar til felles kurs. 

Målgruppe:

Alle som ynskjer å trene eller trenar barn i friidrett i alderen 6-12 år. Nedre aldersgrense for å delta på kurset er at ein blir 15 år kursåret.

Omfang og gjennomføring:

- 8 timar er med kurslærar, der tre timar er teori og fem timar er praksis.

- 2 timar er e-læring om Barneidrettens verdigrunnlag.

Pris: 

Kurset er gratis. Deltakarane dekkjer berre kursmatriell. 

Innhald:

Informasjon om "friidrett for barn"

Kursplan for "friidrett for barn"