klubbe redigert ny.jpg

Krinstinget blir 7. april

Sogn og Fjordane Friidrettskrins inviterer til krinsting på Skei 7. april 2024.

Styret i Sogn og Fjordane Friidrettskrins kallar med dette inn krinsting søndag 7. april kl. 17.00 på Skei Hotell.

Last ned innkalling

Saksdokumenta blir sendt ut elektronisk og gjort tilgjengeleg på krinsen si nettside, seinast ei veke før tinget. Forslag som skal opp på tinget må være sendt styret seinast to veker før tinget, innan 24. mars til sof@friidrett.no.

Klubbane har følgjande representasjonsrett på tinget:
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i  idrettsregistreringa til og med 100 - 1 representant.
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i  idrettsregistreringa til og med 200 - 2 representantar
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i  idrettsregistreringa over 200- 3 representantar, som er det høgste tal representantar eit lag kan ha. 

Det skal nyttast tal frå sist tilgjengelege idrettsregistrering ved fastsetjing av antal delegatar. For representasjonsrett for idrettslag, gjeld NIFs lov § 10-3 (1).

Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag vert sendt ut til påmeldte deltakarar seinast 1 veke før tinget, og vert i tillegg gjort tilgjengeleg på sffik.no

 

Påmelding:
Frist for påmelding er innan 1 veke før tinget her: