ambtrenar705405.png

No kan din klubb få besøk av ambulerande trenar!

Kva friidrettsøving treng de ekstra fagleg påfyll i? Ta kontakt så hjelper vi dykk!

Uansett kva nivå - så har dei fleste av oss noko å lære. No kan din klubb få hjelp til ekstra påfyll for utøvarar og trenarar i ei eller fleire friidrettsøvingar! 

Friidrettskrinsen har fått innvilga støtte til prosjektet ambulerande trenar, og tiltaket er gratis for alle medlemslag i friidrettskrinsen. 

Om vi ikkje finn rett kompetanse til klubben sitt behov internt i krinsen, søkjer vi etter kompetanse utanfor krinsen som kan hjelpe dykkar klubb. 

Ta kontakt med krinskontoret på epost sof@friidrett.no om de ynskjer å nytte dykk av tilbodet. 
Vi treng følgjande opplysningar:
- Klubb
- Kort om treningstilbudet i klubben per no.
- Friidrettsøving(ar) de treng ekstra påfyll i.
- Tal utøvarar / trenarar som vil ta del i tilbudet. 

Krinsen set ressursperson og klubb i kontakt, som sjølve avtalar tidspunkt for besøk i klubb.

Ta kontakt med dagleg leiar i friidrettskrinsen Asgeir Årdal om de har spørsmål til prosjektet. 

Krinsen tilbyr også friidrett for barn-kurs rundt om i klubbane. Ta kontakt med krinsen om de ynskjer eit slikt kurs i din klubb.