Reksten705405.jpg
Mathias Reksten Dale var strålande nøgd søndag. Her saman med Jørund Årdal (t.v) og Ole Morten Mardal (t.h). Fofo: Ola Bergheim

Fantastisk dag på Loggane

Mathias Reksten Dale med det lengste kulestøtet i 16-årsklassen i fylket gjennom alle tider.

Søndag vart det arrangert treningssamling i kast i Gloppen, kombinert med kaststemnet Loggane Open (sjå resultatliste frå stemnet). Samlinga er ein del av eit samarbeid saman med Møre og Romsdal. Og det var ein svært velukka dag for deltakarane!

Ekstra nøgd med dagen var Mathias Reksten Dale frå Breimsbygda i 16-års klassen. Med sitt kulestøt på 16,54 meter med 5-kiloskula, satte han ny bestenotering i Sogn og Fjordane gjennom alle tider. Den førre rekorden hadde Thomas Mardal. 

16,54 meter er det fjerde lengste kulestøtet i Norge i G16 gjennom alle tider. 

Her kan de sjå oppdatert oversikt over alderskrinsrekordane i fylket.