Skeihallen705405.png

60 meter for alle på Skei

I samband med opning av Skeihallen blir det invitert til 60-meterfest!

25. september blir det offisiell opning av Skeihallen på Skei. Ordførar i Sunnfjord kommune Olve Grotle står for opninga.

Last ned Sunnfjord kommune si innbyding til opninga!

Frå kl. 12 - 13 blir det drop-in på 60 meter. Håpar å sjå deg der!

Her er program for dagen:

kl. 10.45 Oppmøte
kl. 11.00 Velkommen v/Sunnfjord kommune
Helsing frå Fylkeskommunen
Helsing frå Norsk Tipping ved Trond Olav Asperud
kl. 11.15 Skei skule ved rektor Annette D. Natås
Framsyning ved Skei skule
kl. 11.30 Helsing frå Jølster Idrettslag ved Kjell Olav Førde
Helsing frå arbeidsgruppa ved Bjørn Anders Steinsund
Offisiell opning ved Ordførar Olve Grotle
kl. 11.45 Open hall
kl. 12:00 Program ved Jølster IL; friidrett og fotballgruppa og
Våtedalen tindeklubb –aktivitetar der store og små kan
sjå på eller delta.

Grunna covid 19 reglement må alle må registrerast ved inngangen, maks tal publikum er sett
til 200. Alle må sjølvsagt vere friske for å kunne delta.

Parkering:
Vi ber om at dei som har moglegheit for å komme seg til Skeihallen utan bil, gjer det. Ein kan
parkere ved E39 ved innkøyrsel mot Skeihallen og Skei skule. Skulle det vere fullt er det
mogleg å parkere i sentrum eller ved Skei hotell og gå bort