hornindal rundt.png
Storslegen natur er ein av premiane   til deltakarane i Hornindal Rundt.  Foto: Hornindal Rundt

Historisk fjellultra på Hornindal

Det første norske meisterkapet i fjellutraløp går på Hornindal under Hornindal Rundt. Løpet er krevande med løype på heile 70 km.

Løypetraseen går i særdeles vakker natur med ein høgdeprofil der det naturleg nok går både opp og ned. Opphavet til dette løpet er ein fjelltrim som har utvikla seg frå å rekke over dei 20 postane på ein sommar til å rekke over dei på ein dag. Dette vart til slutt til fjellultraløpet Hornindal Rundt der distansen som skal tilbakeleggast er på 70 km. 

Hornindal har lenge vore kjende for det tradisjonsrike maratonløpet sitt og dette er framleis arrangert, men for dei som vil ha eit enda lengre løp og i fjellet er Hornindal Rundt eit flott alternativ. Løpet samlar god deltaking frå utlandet og til årets løp er alt påmeldt 153 deltakarar. 

På arrangementet sine nettsider kan du melde deg på, sjå kven som er påmeldt, sjå løypeprofil eller finne annan info om arrangementet og den tilrettelegginga arrangøren Hornindal IL har for deltakarane.