byrkjeloleikanekorps705405.png

10-årsjubileum for Byrkjeloleikane

Rundt 35 deltakarar var i aksjon under Byrkjeloleikane laurdag 16. september.

Laurdag 16.september vart Byrkjeloleikane arrangert for 10.gong. Rundt 35 deltakarar frå ulike stader i gamlefylket deltok. Dagen starta med innmarsj og musikk frå Sandane og Breim skulekorps, før deltakarane tok fatt på friidrettøvingane. Her fekk dei prøve seg på blant anna 60 meter, liten ball, lengdehopp og bøtteblink. Deltakarane viste framifrå innsats og fleire kunne meddele nye personlege rekordar.

Som seg hør og bør når ein feirar 10-årsjubileum vart det lagt inn ein god pause med kakeeting.

Aktivitetsdagen vart avslutta med ein prestisjetung fotballkamp der ein ikkje kan seie noko på innsatsen til verken spelarane eller dommaren.

Dagen oppsumert: Ekte idrettsglede, mykje godt humør, gode kommentarar, smil og latter.

Vi vil gje ein ekstra takk til dugnadsgjengen i Breimsbygda IL som siller opp år etter år og legg ned ein kjempeinnsats for dette arrangementet. Vi ønskjer både årets deltakarar og mange fleire velkommen til neste år!

Sjå Fotballkretsen sitt bildegalleri frå dagen!