Byrkjelo leikane nett.jpg

Byrkjeloleikane 2018

Laurdag 1.september blir Byrkjelo-leikane blir arrangert for 7.gang. Meld deg på no - og få gratis inngang på NM på Byrkjelo!

Byrkjeloleikane er ein tilrettelagt aktivitetsdag for deltakarar i alle aldersgrupper, og blir arrangert av Sogn og Fjordane Friidrettskrins, Sogn og Fjordane Fotballkrins, Sogndal United og Breimsbygda IL.

Deltakarane får prøve seg på 60meter, 200meter, kast (liten ball), lengde, hestesko, orientering og fotball.

Program:

11.00 - 11.45: Oppmøte og registrering
12.00: Innmars/opning v/Ordførar i Gloppen
12.15-14.00: Løp (60 m og 200 m), kast (liten ball), lengde, bøtteblink m/tennisball
14.15-16.00: Fotball (kamp 15.30), nær o-løp (5-600 meter på tid, boccia/hestesko
16.00: Mat og premieutdeling

ALLE som melder seg på før 17. august får gratis inngang på friidrett-NM saman med ledsagar. 

Meir om arrangementet på Byrkjeloleikane sine heimesider. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med Iren Nordheim på mail: jinordh@online.no evt mobil: 90892834