kursførde705405.jpg

Trenarkurs i Førde

Bli med på Friidrett for barn-kurs i Førde 22. mars.

Kurset skal gje ei generell innføring i friidretten sine øvingar, og korleis ein enkelt og praktisk kan gjennomføre friidrettstrening med born i alderen 6-12 år.

Målgruppe for deltakarane er instruktørar i idrett for barn, foreldre, leiarar i idrettsskular, kroppsøvingslærarar, personell i barnehagar/ SFO, og andre sentrale personar innan barneidretten. Kurset krev ingen forkunnskapar og har ikkje eksamen. 

Påmelding gjer de her!