Ben.jpg
17-åringen Ben Jeffrey Benert (Florø) er no blant dei 10 raskaste herrene i Sogn og Fjordane gjennom alle tider på 100 meter. Foto: Asgeir Årdal

Fleire nye rekordar i 2018

Sjå dei oppdaterte krinsstatistikkane!

Kvart år er det utøvarar som skriv seg inn i historiebøkene i friidrettskrinsen. 2018 er ikkje noko unnatak! Ein av dei er Ben Jeffrey Benert frå Florø som sette ny bestenotering i 17-års klassen på 200 meter med tida 22,29. Han tangerte også 100-meter tida til Thomas Mardal på 11,03 denne sesongen.

Dette, samt mange fleire resultat kan du no sjå i dei oppdaterte statistikkane våre.

Alle statistikkane finn ein gjennom denne linken.

Finn du feil eller manglar, er det fint om de sender e-post til krinskontoret.