promowebinarkjerp705405.jpg

Bli med på webinar om treningsplanlegging

Lær av krinsen sin raskaste mann gjennom alle tider!

Friidrettskrinsen inviterer til webinar om treningsplanlegging 21. desember, der tema denne gongen er retta mot sprint/hekk. Målgruppa er utøvarar (15+), foreldre, trenarar og alle som har interesse for dette fagfeltet.

Øyvind Strømmen Kjerpeset har fleire krinsrekordar i Sogn og Fjordane, og studerer medisin i Oslo. Med hans erfaring som utøvar og faglige bakgrunn gler vi oss til å lære meir om treningsplanlegging.

Webinaret er gratis, og du melder deg på ved å sende e-post til sof@friidrett.no eller SMS (95776292) til dagleg leiar i friidrettskrinsen, Asgeir Årdal.

Du vil i forkant av foredraget få tilsendt link til webinaret.

I januar blir det webinar med treningsplanlegging, der tema vil vere mellom/langdistanse. Meir informasjon om denne blir lagt ut seinare.