godjul705405.jpg

God jul og godt nytt år!

Sogn og Fjordane Friidrettkrins vil med dette ynskje utøvarar, trenarar, leiarar, tillitsvalgte, foreldre og klubbar god jul og eit godt nytt år!

2020 har vore eit utfordrande år for oss alle. Samstundes har vi blitt tvinga til å tenkje nytt i måten vi organiserer trening og konkurransar. Friidrettskrinsen set stor pris på arbeidet som lagt ned i klubbane gjennom året som har gått.

For kvar dag gjennom heile året er det utøvarar, trenarar eller anna støtteapparat som står på for å skape gode opplevingar i friidretten i Sogn og Fjordane. Vi vil nytte høve til å takke alle desse som legg ned trening eller frivillig innsats innanfor grupperingar av vår idrett.

Vi håpar 2021 blir eit godt år for oss alle!

God jul og godt nytt år!

Sogn og Fjordane Friidrettskrins