Asgeir Årdal er tilsett som dagleg leiar i Sogn og Fjordane Friidrettskrins frå 23. oktober, i eitt års vikarat i 60 % stilling.
Han har bachelorgrad med idrett, fysisk aktivitet og helse, samt allsidig idrettsbakgrunn. Han har tidlegare jobba som sportsjournalist, og er no idrettslærar i vidareåande. Han vil halde fram med å arbeide som lærar kombinasjon med stillinga i friidrettkrinsen.
Han tek over etter Narve Heggheim som no er tilsett i friidrettsforbundet i sentraladminiastrasjonen etter 14 år i krinsen.
Ettersom Asgeir no er tilsett i ein deltidsjobb i friidrettkrinsen vil han ikkje alltid vere like tilgjengelig, men vil responere så raskt som praktisk mogleg.
De treff han på:
Tlf: 95 77 62 92 / E-post: asgeir.ardal@friidrett.no
Vi ynskjer Asgeir og Narve lykke til i dei nye stillingane.
© 2015 - Norges Friidrettsforbund (03)
Alt innhold er beskyttet i henhold til lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkloven). Innholdet kan ikke benyttes kommersielt uten samtykke fra Norges Friidrettsforbund.