thomas mardal krinsrekord slegge loggane.jpg

To juniorkrinsrekordar i samme stevne

Thomas Mardal. Gloppen FIL har hatt for vane å setje krinsrekordar siste helgane, denne helga vart ikkje noko unntak.

Under stevne på Loggane klinka han til med eit lengstekast med 6-kiloslegga på 70,83 og forbetra sin ferske U 20 rekord som lydde på 67,74.  Når først den magiske 70-metersgrensa skulle brytast gjorde Thomas det ettertrykkeleg. 

Seinare i stevnet var øvinga kule og også her vart dert pers og juniorkrinsrekord med solide 17,77 og han sletta med det Yngve Grøneng Havn, Florø T&IF sin U 20 rekord på 17,40 frå 2007. 

Vi gratulerer Thomas med to nye krinsrekordar!