lagbilde ungdomsleker.jpg
Steffen Melheim (øvst bak t.v) deltok for krinsen på Ungdomsleikane på Osterøy i 2016, og er klar for ny konkurranse der i september saman med mange frå fylket,

Sletta 42 år gammal bestenotering

Under Loggane Open vart ein av dei eldste bestenoteringane i aldersbestemt slegen

Steffen Melheim, Olden IL har hatt stor framgang i kastøvingane denne sesongen. Han har vore den klart beste i sin klasse nasjonalt i favorittøvinga diskos. Aage Indrebø, Breim IL si bestenotering i klassen på 54.24 vart sett så lang tilbake som i 1975 og er med det ein av dei eldste bestenoteringan i aldersbestemt i fylket. 

Den nye bestenoteringa med 1-kg diskosen lyder på  54.38 og det er 14 cm lenger enn Aage Indrebø kasta for 42 år sidan. Resultatet til Melheim er berre 84 cm frå den norske aldersrekorden som vart sett i 1972. Melheim har fleire sjansar til å sikre seg også den rekorden, m.a. på Lerøyleikane på Osterøy i september. der møtes utøvarar frå Hordaland, Rogalang, agder og Sogn og Fjordane til dyst.