klubbe redigert ny.jpg

Ny dato for krintinget er klart

SFFIK sitt krinsting blir gjennomført digitalt, 13. august.

Styret i Sogn og Fjordane Friidrettskrins viser til tidlegare innkalling  til det ordinære idrettskretsting lørdag 21. mars på Skei. Dette tinget lot seg dessverre ikkje gjennomføre slik det var planlagt på grunn av koronasituasjonen. Styret kallar med dette på nytt inn til krinsting torsdag 13. august kl. 18.00 – 21.00. Tinget blir gjennomført digitalt.

Klubbane har følgjande representasjonsrett på tinget:
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i  idrettsregistreringa til og med 100 - 1 representant.
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i  idrettsregistreringa til og med 200 - 2 representantar
For aktivitetstal i friidrettsgruppa i  idrettsregistreringa over 200- 3 representantar, som er det høgste tal representantar eit lag kan ha.
Det skal nyttast tal frå sist tilgjengelege idrettsregistrering ved fastsetjing av antal delegatar. Dersom ein klubb møter med meir enn ein delegat skal begge kjønn vere representerte. Klubbane kan melde på fritt antal observatørar utan stemme, tale eller forslagsrett.

                        
Dersom klubbar har saker dei vil ha handsama på tinget på desse sendast krinskontoret seinast 3. august. Påmelding til tinget gjer de innan 6. august her til sof@friidrett.no  

Påmeldte deltakarar får tilsendt lenkje til SFFIK - krinssting 2020 frå Microsoft Teams.